KRIK Spjelkavik

17.08.2016

Frå 8. klasse

Velkommen til KRIK-trening:

- frå 8.klasse og oppetter
- annankvar søndag
- kl. 20.00 - 21.30
- Borgund vgs sin gamle gymsal (Fremmerholen)

KRIK er allidrett – idrett for alle. 

På KRIK spelar vi fotball, volleyball, basket, frisbee, har stafettar, samt ymse varierte aktivitetar i hall. Midtveis i samlinga har vi ei lita andakt.

I tillegg til kjekke KRIK-aktivitetar har vi enkelte gongar lengre helge-turar, samt ein overnattingstur (Skiweekend) i året. Nokre gonger er gymsalen oppteke, då har vi KRIK-kveld med samtale og kveldsmat i Spjelkavik kyrkje. 

Vi sender ut ein SMS og ei melding på www.facebook.com/groups/KrikSpjelkavik for kvar gong det er
KRIK-trening.

Ta kontakt med Bjarte om du vil vere med eller har spørsmål.