Juledrøm med Majorstuen spelemannslag 7. des.

Juledrøm med Majorstuen spelemannslag 7. des.

28.11.2019

Juledrøm med Majorstuen spelemannslag 7. des.

Kyrkjekoret og Barne- og ungdomskantoriet holder julekonsert sammen med Jorun Marie Kvernberg og Majorstuen spelemannslag lørdag 7. desember kl 18:00.

Konserten og plata Juledrøm vart til sommaren 2006. Med solsteiken inn stovevindauga mana folkemusikkensemblet Majorstuen fram julestemninga. Deira fem favorittfolkesongarar hadde overlevert sine favorittjulesongar ifrå folkesongtradisjonane sine, og felekameratane leika fram arrangement og nye innfallsvinklar på dei gamle tonane.

Elleve tradisjonelle og ein nyskriven julesong har sidan vore reisefylgje for Majorstuen i mang ein desember månad. Og mange lyttarar hevdar at nettopp plata Juledrøm må til for å lokke fram julestemninga.

Det Spellemannpris-nominerte albumet famnar om det lystige og skjemtete så vel som det høgtidelege og ettertenksomme, nett som jula også rommar mange ulike stemningar. Prosjektet er også ei motvekt mot den kommersialiserte jula, og ei hyllest av den folkelege julesongtradisjonen.

Felekameratane i Majorstuen har peikt ut vegen for den nyskapande folkemusikkscena i snart 20 år. Dei har bak seg sju albumutgjevingar, ein Spellemannpris og rundt 350 konsert i nærare 20 land. Dei er eitt av få norske folkemusikkband som har iscenensatt seg sjølve fullt ut. Musikken er akustisk, perfeksjonert og sjølvsikker.