Resultat frå fasteaksjonen 2020


Vi klokkar inn med eit meget godt resultat på fasteaksjonen 2020, forholda tatt i betraktning.

Med innsamling utan å gå frå dør til dør var det ikkje å forvente at vi skulle få inn like mykje som vanleg. Eit håp var at vi kanskje kunne runde hundre tusen, litt mindre enn halvparten av fjoråret.

Det har vi klart:

Onsdag morgon låg resultatet på kr 117 280,-

Summen er fordelt slik:
Facebook: kr 39 350,-
Vipps: kr 57 153,-
Andre gåver: kr 20 777,-

Vi har fått inn meir på vipps i år enn i fjor, og det er veldig oppløftande. I tillegg samla vi inn mykje på facebook, sjølv om den aksjonen ikkje kom i nærleiken av det vi til vanleg samlar inn ved å gå frå dør til dør.

Etter forholda må vi seie oss særs godt nøgde med aksjonen.
Takk for innsatsen alle saman, med å dele og å gi!

Statistikken på fasteaksjonen vil gå fram til påskeaftan.
Kirkens Nødhjelp tar imot gåver heile året. Dei trappar allereie no opp korona-beredskapen i fleire land der smitta er på veg.

Tilbake