Søndagsbrev 21. juni


Det store gjestebodet! Les Søndagsbrevet frå diakon Aud Schistad her.

Søndagsbrev for 21. juni 2020
Av Aud R. Schistad, diakon
Lukas 14, 15-24

Når det kjem ein invitasjon til fest, brukar det å vere ei feststund i seg sjølv. Vi begynner å  gle oss, tenkjer på gåve, kanskje nye klede. Vi kjenner den som står bak invitasjonen, og lagar oss bilde av  korleis festen blir.  Kanskje ryddar vi  bort avtalar som kjem i vegen for festen.

Teksten for denne søndagen står i eit kapittel der Jesus er i  gjestebod. Ein farisear  hadde invitert Jesus. Han  er medlem av Rådet. I Rådet  sat  jødane sine åndelege leiarar . Dei vart også kalla  farisearar og skriftlærde.  Dei  held auga med Jesus,står det. Det lova ikkje godt. Jesus var  frittalande.  Mykje av det Jesus sa var som ein raud klut for  leiarane. Det var sabbat, og Jesus helbreda. Det også ulovleg i følgje dei skriftlærde, sjølv om dei i vår forteljing ikkje sa noko då Jesus spurde, men det gjorde dei andre tider. For Jesus var barmhjertighet og godhet, viktigare enn reglar og bod.
I teksten vår er Jesus  i gjestebod. Som så mange gonger før  nytta Jesus ei forteljing for å få fram bodskapen sin. Denne forteljinga blir kalla  Det store gjestebodet, og vi skjønar det er festen i Guds rike det handlar om. «Det var ein  mann som ville halda eit stort gjestebod og bad mange»v.16. Skikken var at   gjestane  først fekk invitasjon til  festen, og  seinare fekk dei besked om tidspunktet for festen. «Kom , for alt er ferdig!» Huset var pynta, bordet dekka og maten var klar. Då skjedde det underlege  at mange sa nei. Ikkje direkte, men dei fann grunnar til ikkje å koma. Det var  dyr  dei skulle sjå etter, åker  dei hadde kjøpt, og ein hadde gifta seg. Gode  grunnar kanskje, men  eit meir  nærliggjande spørsmål er: Kvifor ville dei ikkje koma? Husherren vart sint, og gjestelista gjort om:» Gå og be fattige, uføre, blinde og lamme.»v.21. Dette var menneske som ikkje  brukte å bli invitert til fest.
Det er underleg å sjå korleis denne forteljinga samlar det Jesus har sagt og gjort før i kapittelet.  Det får dei skriftlærde til å bli enda meir  på vakt. Først lækjer Jesus på  sabbaten. Det er ikkje lov. Så snakkar han om bordplasseringa,  og så tek han opp korleis gjestelista bør vere når ein inviterer til fest.  Og så til slutt forteljinga om Gudsrikefesten  der dei som blir invitert  omfattar  meir enn jødefolket.
For invitasjonen held fram. Når dei som  er lite påakta i samfunnet har fått sine plassar, er det framleis tomme stolar ved bordet. «Gå ut på vegar og stiar og nøyd folk til å komma inn, så huset mitt kan bli fullt.» v.23.Kva betyr det? Vi ser ein invitasjon som gjeld alle folk og folkeslag. Vi ser byrjinga på  misjon  i heile verda.
Jesus sjølv gjekk på vegar og stiar og ba inn til Guds rike.  Han helbreda dei sjuke, såg dei som ingen andre såg, var ven og spiste med tollarar og syndarar. Jesus  snakka  med farisearar og dei skriftlærde, og gjorde vel mot samaritanarar og  dei som var i teneste for okkupasjonsmakta . Jesus  såg og lytta når han vandra rundt. Han fekk  auge på dei som trengte han, men han trengte seg ikkje på.  Jesus  viste  korleis han vil Guds kyrkje på jorda skal vere.
Dei svake,  utstøtte og undertrykte har ofte  gripe Guds ord lettare enn dei som er store  i segsjølv.  I desse dagar ser vi så tydeleg at dei svarte også i vår tid,  blir trakka på, og urettferdig behandla. Gjennom århundre  har mange farga  gripe evangeliet og   knytt sine liv til Jesus, til  hans  død og oppstode .  Historia fortel at mange svarte trudde at Guds invitasjon var for dei, at det fans ein heim i Det lova landet når denne verda sine lidingar var over. Eit sterkt vitnemål. I mange Negroes spituels , dei svarte sine eigne songar, blir historia fortalt  om dei som har tatt  imot invitasjonen til Guds rike og har si tru, si glede og  sin lengt  retta mot  den himmelske festen.  Også vi har desse songane i vår salmebok.  Songane seier  noko sant om menneskelivet til alle tider. Vi  treng det same håpet og den same trøsta, og vi skal alle samlast til  den same store festen i Guds rike.
Og framleis går invitasjonen  ut!

Aud Romslo Schistad
diakon
 

---

www.spjelkavik.kyrkjelyd.no
www.facebook.com/Spjelkavik.Kyrkje
Nokon å snakke med: Telefon: 70 16 53 00

Tilbake