Dyrøydagen 6. september


Som så mykje anna, blei Dyrøydagen utsett i vår. Søndag 6. september er det tid for årets Dyrøy-dag. Den arrangerast i samarbeid mellom Ålesund KFUK-KFUM og Spjelkavik kyrkjelyd.

Endeleg kan vi ønske velkommen til Dyrøy-dag. I år er det Spjelkavik sokn som har ansvaret for gudstenesta, og det er Anders Barstad og Arvid Havåg som skal vere prest og musikar.

Programmet for dagen er slik:

1200: Gudsteneste på marka, oppe ved husa. 

Etterpå: Grilling (vi har grillar og kull, de tar med grillmat sjølve). Aktiviteter for store og små.

Transport: Frå kl.1000: Skyss med småbåtar frå naustet før Mørkeset. Parkering langs vegen og ved gård (følg skilting). 

Vi anbefaler alle å ta med eigen redningsvest (merk med navn). Nokre vestar til utlån finnes også.

Pris: 100,‐ pr. person eller 300,‐ for familiar.

Vi tar hensyn til Corona; antibac, avstand m.m.
Verforbehold. Meldingene framover er usikre. Evt. avlysning kunngjøres på nettsida vår og facebook.

Dyrøya ligg i Ellingsøyfjorden, i Ålesund kommune. Den eigast (for det meste) av Ålesund KFUK-KFUM. I Spjelkavik sokn er det speidarane på Blindheim og i Spjelkavik som høyrer til der.

Tilbake