Søndagsbrev på Fastelavnssøndag 14. februar


Gud blei menneske!

Ei utredning foreslo nettopp at ordet «mor» skal erstattast av «fødeforelder». Etter det  braut det ut ein ganske nerdete teologisk diskusjon på Facebook. Diskusjonen dreia nokså raskt over på, om det fortsatt ville være rett å kalle Maria for Guds mor i fortsettelsen, og nokre blei anklaga – kanskje med eit humoristisk tilsnitt – for å vere Nestorianere. Nestorianerane er dei som ikkje trur at Jesus Kristus og Guds Sønn var eitt, men to ulike skapningar, mykje meir løseleg sameint enn den unionen vi ser for oss, med Jesus Kristus som 100 % menneske og 100 % Gud. Då trur dei heller ikkje at Maria fødte Gud, men «bare» Jesus Kristus.

Eg skal ikkje greie ut så mykje meir om dei intrikate teoriane om dette. Mitt anliggende er å vise, at Jesus var menneske, og at han kalte Gud for Far. Og at det hadde konsekvensar.

«No er sjela mi fylt av angst. Men skal eg så seia: Far, frels meg frå denne timen?  Nei, til denne timen skulle eg koma.» Joh. 12,27

Jesus snakka om det som skulle kome, om at han skulle bli tatt til fange og skulle døy, at han var redd, men at han ville gjere det som var planlagt. Vi kan vel kjenne oss igjen i slik tidlig-optimisme i møte med eit alvorleg problem, mange av oss.

Og her kjem det mennesklege med Jesus inn med full tyngde. Mange vil nok, som meg, med ein gong tenke at dette temaet har vi lest om før, men med motsatt fortekn.

«Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi!» Matt. 26,39

For meg betyr dette at det at også Jesus for det første viste stort mot, og så seinare ba om å få lov til å slippe å gå gjennom dei uhyggelege tinga som han visste lå foran, betyr at han er menneske. Heilt og fullt. Typisk menneskeleg åtferd. At han kalte Gud for Far viser at han var Gud.

Men det viktigaste eg tenker om dette, er at da Jesus ofra seg sjølv på korset, kunne han vise den nåden som Gud kunne gi han. Den samme nåden som Gud kan gi alle. 

Tilbake