Ein kort presentasjon for deg som er ny i Spjelkavik, eller for deg som er ute etter noko nytt.
Det kan ta tid å bli kjend med folk. Vårt håp er at du finn deg til rette og kan trivast i kyrkja i Spjelkavik!
I soknet vårt er det ca. 18 000 medlemmer av kyrkja, og difor er det stor aktivitet i kyrkja heile veka. Korleis skal du finne fram, bli kjent og finne din plass i kyrkja?
Gudsteneste og kyrkjekaffi
Søndagen er den viktigstaste dagen i kyrkja. Kvar søndag kl. 11 er det gudsteneste i Spjelkavik kyrkje. Annankvar søndag er det gudsteneste i festsalen på Ålesund folkehøgskule samme tid.
Det som skjer i gudstenesta er det viktigaste som skjer i kyrkja. Her møter vi Jesus i Ordet og i sakramenta. Og vi samlast i trua på Jesus, med den trua vi har, uansett om den er stor eller liten. Etter gudstenesta er det ofte kyrkjekaffe, og det kan vere ein god stad å bli kjend med nye.
Samlingar på kvardagane
Gjennom veka skjer det ting for born, unge og vaksne i kyrkja som er sosialt, lærerikt og som styrker oss i trua. Bibeltimer, familiemiddag, kor, laurdagskafé og klubbkveld er nokre døme på det som skjer i løpet av ei veke. Sjå også i kalenderen og facebooksida vår. Om du ikkje finn samlingar som passar for deg kan du sende ei melding til kyrkjekontoret. Kva saknar du? Kva ynskjer du? Staben i kyrkja er her for å hjelpe deg. Vårt håp er at du finn deg til rette!