Spond i konfirmasjonstida


Vi nyttar Spond som informasjonskanal overfor konfirmantar og føresette.

Konfirmantane og føresette blir lagt inn i Spond-grupper så snart gruppeinndelinga er klar. Vi legg berre inn namn og e-postadresse og ein kan sjølv velje å legge inn andre opplysningar. Ein kan òg velje om opplysningane skal vere synlege for dei andre i gruppa eller berre for ein sjølv og gruppeleiar/administrator. Dersom ein brukar Spond frå før så vil det vere ein fordel å registrere seg som konfirmant/føresett med same e-postadresse som ein allereie brukar i Spond.

Spond er ein norskutvikla app og nettside for å organisere aktivitetar. Systemet fungerer sånn at dei som laster ned appen vil få pushvarsler og meldingar direkte i appen. Dei som ikkje vil eller ikkje kan ha appen på telefonen vil få tilsvarande meldingar på e-post. Det går også an å logge seg inn på Spond i ein vanleg nettlesar.

Før kvar konfirmantsamling sender systemet ut ei påminning med spørsmål om tilbakemelding. Ein skal då svare om konfirmanten kan kome på samlinga eller ikkje. Svaret kan endrast og både konfirmanten og dei føresette kan svare (det siste svaret gjeld). Dersom konfirmanten ikkje har ein brukar på Spond så kan berre dei føresette svare. Forfall bør grunngjevast av føresette.

Her er ein video som visar korleis appen fungerer:

Tilbake