Helgetorsdag-brevet: Jesus er Herre


Kva meiner kyrkja med at "Jesus er Herre"?
Kva vil det seie at Jesus "sit ved Faderens høgre hand"?
Les Helgetorsdagsbrevet her.

Helgetorsdagsbrev
frå Bjarte Hove, kapellan

«Jesus er Herre». Dette er dei tre viktigste orda i den kristne trua. Det er den grunnleggjande læresetninga. «Jesus er Herre» er trua på at Jesus Kristus har all makt i himmelen og på jorda. 

Vi møter denne trua først i Det gamle testamentet. I Davidssalmen (Salme 110) seier kong David:

Herren [Gud Fader] seier til min Herre [Kristus]:
«Set deg ved mi høgre hand
til eg får lagt dine fiendar
til skammel for dine føter!»

Bibelens salmebok handlar om Jesus. Slik les kristne salmane. Messias, den salva kongen skal rå over jorda og universet. Og rå over fiendane. Korleis gjer Jesus det? Kva sa Jesus til oss kristne om våre fiendar?

«Elsk dine fiendar» seier Jesus til oss. Og Paulus formanar oss: «Ha same sinnelag som Kristus». Slik er Den treeine Guds herrevelde. Det er ein annan språkbruk enn den vanlege retorikken frå dei som styrer i verda. Men det var difor Gud sende Son sin til det låge, ja til det lågaste. For at dei nedbøygde skulle bli løfta opp til det høge. 

På Helgetorsdag feirar vi Kristi Himmelferd. Jesus fòr opp til himmelen, og sit no ved Faderens høgre hand i det himmelske Jerusalem. Dette er den kristne røynda. Vi trur at Kristus er Herre i det høge. Men vi trur ikkje at han er langt borte. Han er nær gjennom dei gåvene han har gjeve oss. Bøna, Ordet, Sakramenta, Kyrkja. Her møter vår Herre oss.

På Helgetorsdag feirar vi den store og mektige Jesus. Han som elskar sine fiendar, han som elska oss medan vi enno var underlagt synda. Ja, han kallar oss til å stadig å vende om og ta imot nådens gåver. Og invitasjonen frå Jesus strekkjer seg ut til alle mennesker over heile verda, også i dag. For slik styrer han som har all makt i himmelen og på jorda:

Frå Sion [Jerusalem] retter Herren ut
din mektige kongsstav.
Ver herre mellom dine fiendar!

Det var dette Jesus gjorde. Han var Herre mellom sine fiendar. Han bar korset dei gav han. Han viste seg sterkare enn deira sterkaste maktmiddel. Krossdøden kunne ikkje halde han fast i det låge.

Og så kjem vi til dei siste versa av davidssalmen. Desse versa handlar om eit talrikt folk som ventar på den mektige Kristus sitt atterkome, slik også Kong David gjorde:

Ditt folk møter viljug fram
den dagen du mønstrar din hær.
I heilagt skrud kjem din ungdom til deg
som dogg ut or morgonrodens fang.

Vi ventar på Kristus, slik alle menneske ventar på soloppgongen etter ei lang natt. Ventetida vert i Høgsongen skildra som ei lang nattevakt. Vi ventar slik som bruden ventar på sin brudgom, sin Sulamit. Og vi ser mot aust. Mot morgonrauden. Difor er kyrkja si retning aust. Alteret står mot aust. Kyrkjelyden sit vendt mot aust. Det er kyrkja si retning. Vi kan ikkje vende oss ein annan veg, når trua vår er denne: Kristus er Herre!

Tilbake