Påskebrev 2. påskedag


Han kom til dei på vegen...

Lukas 24,13-35

Lukas 24,13-35
Han kom til dei på vegen mellom Jerusalem og Emmaus.
           
av diakon Aud Romslo Schistad

Det  var  første dagen i veka  då to disiplar går frå Jerusalem til Emmaus. Dei blir kalla disiplar, men er ikkje  av dei tolv. Det er mykje forvirring, sorg og fortvilelse blant Jesu næraste. Kva er sant og kva er ikkje sant . Kvifor er grava tom? Kva  har skjedd med Jesus?  Vandrarane går etter vegen med tunge steg, og med  tungt  hjerte, og dei snakkar saman. Alt det vonde som har hendt med Jesus og dei sjølve, er så nært i tid.  Vi veit ikkje kva som er målet for vandringa, berre kvar dei skal. Mennene er så langt inne i samtalen at dei ikkje merkar at det kjem ein framand og slår følgje. 

«Kva er de går og snakkar med kvarandre om?» Då stoppar dei to fulle av sorg.« Du må vera den einaste i Jerusalem  som ikkje veit kva som er skjedd der i  desse siste dagane.» Vandrarane  sluttar  forteljinga si med orda :» Nokre kvinner blant oss var ved grava og fann ikkje kroppen hans. Dei hadde  sett eit syn av englar som sa at han lever.» Den underlege framande begynner då å fortelje, om Messias, han dei hadde venta på. Han la ut  skriftene, heilt frå Moses og alle profetane.
Og heile tida  vandra dei mot Emmaus.   

Og då dei kom dit, ville ikkje dei to gje slepp på den framande. Dei var gripne av det han fortalde, gripne av slik han var. Dei vil at han skal bli, bli hos dei om natta. Mennene ber intrengjande:«Ver hos oss. Det kveldar og dagen er på hell». Emmausvandrarane  har møtt ein som visste  noko om det som har skjedd med Jesus.  «Kor seine de er å tru alt det profetane har sagt.» Den framande snakka med myndighet og dei opplevde at han var å stole på. Det er godt med slike menneske i ein kaotisk situasjon.
«Då gjekk han inn og gav seg til hos dei.» Under måltidet tek  den framande  verten sin rolle:» Han tok brødet, bad takke bøna , braut det og gav dei. Då vart augo deira opna, og dei kjende han att. Men han vart usynleg for dei.» 

Verkeleg, men usynleg.  Denne forteljinga treff oss.  Emmausvandrarane  reflekterer over kva dei hadde opplevd. Ettertanke, å minnast og å ta vare på, er viktig. Refleksjonen har ofte eit blikk som ser viktige ting.  «Brann ikkje hjartet i oss då han tala med oss på vegen og la ut skriftene». Ein brann i hjarte kan bety at det vi opplever er viktig, ja livsviktig.  Kanskje markerer det eit vendepunkt i livet, noko vi alltid vil bere med oss og som vil vere styrande for valg vi gjer. Men det var då Jesus tok brødet, bad takkebøna, braut det og  gav dei, det var då  dei såg det var Jesus som sat ved bordet. Sist han hadde brote brødet var under påskemåltidet. Den gongen sa Jesus :»Dette er min kropp som blir gjeven for dykk».Luk.22.19  Jesus gav brød til Emmausvandrarane, og han gir til sine born  kvar gong vi samlast om brød og vin. 
Og vi er bedt om å dele. Dele Guds ord, oppmuntre kvarandre, bere byrder for kvarandre, be for kvarandre. Dele fellesskap, dele nettopp nattverden. 

Emmausvandrarane   bad :» Bli hos oss» . Dei bad   intrengande den framande om å bli.  Og den bøna  treng vi også å be: Bli hos oss. Å be igjen  og igjen, er noko som  høyrer kristenlivet til. I desse vonde  tidene veit vi det blir bedt mykje. Mange menneske lever midt i tragedien. Mange opplever heilt uventa å miste sine næraste. Bøna og forbøna kan gje både håp, trøst og styrke. 

Emmausvandrarane fekk sjå den oppstandne. Dei kjende Jesus att. Dei måtte fortelja det til dei elleve og venene så fort dei kunne.  Vegen var lett å gå tilbake til Jerusalem. Sorga var borte, glede og forventning hadde tatt plassen.   Dei hadde også fått oppleve at Jesus etter sin oppstandelse var  anleis enn før. Likevel visste dei at han ville framleis gå saman med dei, kome til dei i den lyse dagen, men også vere hos dei i mørke tider. Jesus, Han som fekk hjarte til å brenne.

Han stod opp hans venner fryktet
Jordens mørke, dødens natt.
Han stod opp da troen sviktet
da de kjente seg forlatt.
Fylt av mismot var vi alle,
til han delte brød og vin.
Kristus lever,vi skal leve,
Det er døden som er død!
                                            J.Bell. Norsk Salmebok 214
 

Tilbake