Oppstart av ny sorggruppe mandag etter haustferien. Påmelding.
Dette er ei samtale- /refleksjonsgruppe for dei som har mista eit nært familiemedlem/ven. Det blir 5-6 samlingar. Oppstart kvar haust etter påmelding. Tema vi tar opp:
- det som skjedde
- sorg og sakn
- ein annleis kvardag
- familie og venner
- høgtider og merkedagar
For meir informasjon ta kontakt med diakon, sms/telefon 413 64 814, eller kyrkjevergekontoret på telefon 70165300. Påmelding innen ei veke før.