Minnegudsteneste


Minnegudsteneste


Allehelgensaftan, laurdag 1.november kl. 18.00 i Spjelkavik kyrkje. 

Spjelkavik kyrkjelyd inviterer spesielt dykk som det siste året har mist nokon som sto dykk nær. Men gudstenesta er open for alle. 

Kyrkja vil vere open frå kl.17.15 før minnegudstenesta.

Gudstenesta vil ha eit preg av stillheit og ettertanke. Ein kan tenne lys, og vi vil lese opp namna på dei i soknet som er døde. Det blir musikk, song, diktlesing og andakt.

Så blir det enkel kyrkjekaffi i våpenhuset etter gudstenesta.

Tilbake