Kvitsun-brev: Gud vil bu i hjarta dykkar


I teksten for 2. Pinsedag møter vi eit av Jesus sine mange underlege utsegn.
Les Kvitsun-brevet her.

Kvitsun-brev
frå Spjelkavik kyrkjelyd
av Bjarte Hove, kapellan

Kvitsun er eit av dei gamle namna for pinsehøgtida. I teksten for 2.pinsedag møter vi eit av Jesus sine mange underlege utsegn:
«Men eg seier dykk som sant er: Det er det beste for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje Talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk.»

Kva tyder det at Jesus gjekk bort frå oss?
For det første: Jesus gjekk i døden for oss. For deg og meg. For verda si skuld sona han verdas synder på krosstreet, så vi skulle gå fri. Han fòr ned til dødsriket. Jesus meinte det bokstavleg når han sa at det var betre for oss at han gjekk bort frå oss.
For det andre: Jesus fòr opp til himmelen og sit ved høgre handa åt Faderen. Dette skjedde etter oppstoda. Men det var ikkje for å røme frå denne verda. Det var for at rettferda skulle gå i oppfylling. Og kyrkja lengtar etter at Jesus skal kome att i herlegdom, slik bruden lengtar etter brudgommen; og Sulamit lengtar etter sin kjæraste, slik vi les i boka som heiter Høgsongen i Det gamle testamentet.

Men kvifor var det best for oss at Jesus gjekk bort frå oss?
Fordi Guds hjarte lengtar etter våre hjarto. Dette er eit mysterium, det er trua sitt mysterium: Gud lengtar etter at menneska vil åpne hjarta sine for seg. For Gud elskar sin skapning. Difor ville Jesus sende Talsmannen, Den heilage Ande til verda, så hjarto våre kunne bli ein bustad for Gud. Gud ville ikkje bu i tempelet, eit byggverk av stein, på éin bestemt stad i verda. Anden vil også bu i hjartet ditt. Og Anden har teke bustad i Bibel-ordet, så vi skal kome til tru. Vi er kalla til å vere bustad for Den Heilage Ande.
Jesus seier:
«Sjå, eg står ved døra og bankar. Om nokon høyrer mi røyst vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han — og han med meg.» (Op. 3:20)
Dette er Den heilage Ande si gjerning: å la Jesus si røyst lyda for all verda, så verda skal tru på Jesus. Anden peikar alltid på Jesus, Han som er trua si opphavsmann og fullendar. Dette er pinsehelga sitt bodskap også til oss i Spjelkavik kyrkjelyd.

Biletet er frå St.Peterskyrkja.

Tilbake