Søndagsbrev på Treeinings-søndag, 7. juni


Søndagsbrev på Treeinings-søndag, 7. juni


Er dåpen et tegn på religiøs pluralisme?

Dåp har vært et religiøst symbol tilbake til elgamal tid. Kva betyr det for vår dåp?

Søndagsbrev for 7. juni 2020 av Anders Barstad, kapellan

Som regel, når eg møter dåpsforeldre til samtale, dreiar samtalen innom spørsmålet «korfor vel de å kome til kyrkja for å la barnet dykkar bli døypt»? Det er visst det spørsmålet mange foreldre gruer seg til, men det er ikkje av rein ondskap eg stiller det. Tvert imot! Mange svarer: «de e no tradisjon, da… E e døpt og mannen min e døpt og vi synest at de e en fin tradisjon.» Og da kan eg berolige dei med, at eg synast at det er eit heilt rett svar. Om ikkje eit fullstendig svar, så er det ikkje feil. Dåp er ein tradisjon – ein tradisjon som Jesus påla oss å følgje.

Dersom Jesus ikkje hadde sagt «Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande», eller det som liknar veldig i Mark 16, tvilar eg på at vi kristne hadde drive på med dåp av nye kristne, enten det er spedbarn, vaksne eller ungdommar.

Viss vi hadde gjort det likevel, hadde det vært en tilfeldighet. Dåpen som praksis er ikkje utelukkande kristen.

Vi kjenner sjølvsagt Johannes-dåpen, som Jesus blei døypt med. Kanskje var Jesus den første som blei døypt til Den Heilage Ande? Vi les i alle fall ikkje om at der svevde duer over dei andre som Johannes døypte.

Det er også sannsynleg at jødane døypte proselyttar inn i jødedomen, lenge før Kristus si tid.

Men vi finn dåpen mykje lengre unna også. Hinduistiske prestar, Brahmanar, døypte i Ganges før Johannes, og folkeslaga ved Nilen på same måten.

Vår tradisjon med dåp av nye kristne, ofte barn, som reinsing for synd, har opphav i at Augustin (4 og 5 århundre) formulerte tanken om arvesynd. Før det var det vanleg, at kristne venta lenge med å døype seg, ofte til dødsleiet. Dåpen blei nesten som det vi kjenner som den siste nattverden, ei siste reinsing av dei syndene vi har gjort, før døden.

Betyr alt dette at dåpen vår er ein del av eit pluralistisk sammensurium? At ein kan få ein brahman eller ein jødisk prest til å døype seg, og så går det for det same?

Nei, det gjer ikkje det. Det er bare den kristne dåpen som døyper i namnet åt Faderen, Sonen og Den heilage ande. Som er innstifta av Jesus Kristus. Det er bare den kristne dåpen som setter fri til eit nytt liv, som gir livet i gåve på nytt. Og på nytt. Og på nytt.

«De’ blir jo nesten som en tradisjon de’ å, da, på en måte, ikkje sant?»

Bildet er av døpefonten i Vester Egede kirke ved Næstved. Foto: Hideko Bondesen

Tilbake