Gudstenester og smittesporing


Frå og med keltisk kveldsbøn 15. juni opnar vi for gudstenester med 170 deltakarar.

Frå 15. juni er det opna for å samle fleire deltakarar på arrangement. Med restriksjonane som fortsatt gjeld har vi rekna oss fram til ein kapasitet på 170 personar på ei vanleg gudsteneste i Spjelkavik kyrkje. 

Dermed har vi ikkje lenger påmelding, men som ansvarleg arrangør må vi ha oversikt over kven som er med på ei gudsteneste. Dette vil vi frå no av løyse med registrering i døra. Denne blir gjennomført ved at ein frå kvar husstand skriv namn og telefonnummer og eventuelt namnet på dei andre som er i følget på ein lapp. Lappane leggast i en konvolutt som blir oppbevart for eventuelt smittesporing. Lappane blir makulert etter 10 dagar.

Smittevernet ved gudstenester og kyrkjelege handlingar byggjer på fire hovudprinsipp:

  • Sjuke personar skal ikkje delta eller være til stede. Dersom du er i karantene eller har symptom på luftvegsinfeksjon så må du halde deg heime.
  • Gode rutinar for handhygiene og reinhald. Du finn handsprit ved inngangen, bruk den.
  • God avstand og minst mogleg kontakt mellom personar. Annakvar stolrad i kyrkja er avsperra. Ha minst 2 tomme stolar mellom deltakarar som ikkje bur saman. Ingen handhelsing/klemming.
  • Minst mulig felles bruk og berøring av inventar og utstyr. Vi tek ikkje i bruk salmebøker, men ferdigtrykte programark eller tekst på skjerm.

Tilbake