Borgund og Spjelkavik kyrkjeakademi ønsker velkomen til Olsokfeiring i Borgund kyrkje tirsdag 29.juli kl 18:00
Borgund og Spjelkavik kyrkjeakademi ønsker velkomen til Olsokfeiring.
Program:
Kl: 18:00: Olsok-gudsteneste Liturg: Anne Helen Roaldsnes. Preike: Arvid Helle. Kantorar: Nikolas Fehr og Marc Labruijere Kor m/solist Randi Synnøve Røssaak.
Kl: 19:00: Pause med sal av kaffi/kaffimat
Kl: 20:00: Foredrag v/Kristin Gunleiksrud Raaum: "Heile Bibelen, halve barndommen"
Om Bibelen i kultur, skule og samfunn.
Forstår unge menneske i dag kva som meinest når vi snakkar om ramaskrik, om Sareptas krukke eller om at det er ei tid for alt? Bibelske forteljingar og uttrykk var før ein sjølvsagt del av det kollektive tankegodset. Slik er det ikkje lenger. Kva mistar barndommen når bibelforteljingane blir borte? Kva har vore skulen si rolle i dette? Er kunnskap om bibelhistoria gått tapt?
Kristin Gunleiksrud Raaum, Asker, er generalsekretær i Norske Kirkeakademier.
I perioden 2016-2024 var ho valt leiar av Kyrkjerådet i Den Norske Kyrkja, og ho har vore leiar av Åpen folkekirke. Ho har brukt si tydelege stemme til engasjement for at folkekyrkja skal vere open og inkluderande og ein stad der det ikkje skal vere forskjel på folk. Ho stod sentralt i prosessen fram mot vedtak om likekjønna vigsel, samtidig som ho har vore ein samlande leiar. Ho har arbeidd for å gjere kyrkja relevant både i det offentlege rommet og i våre private liv.
Ikkje minst er Gunleiksrud Raaum ettertrakta som ein svært god talar og foredragshaldar.
For innsatsen sin blei ho i 2024 heidra med utnemning til Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Vel møtt!
