Nytt glass på plass!


Nytt glass på plass!


I sommer var to av glasmaleriea i Spjelkavik kyrkje borte, men dei kom på plass igjen i september.

Det var vanskeleg å ikkje legge merke til dei to blanke vindauga bak til venstre i kyrkjerommet denne sommaren. Dei to glasmaleria fekk seg eit ferieopphald hos firmaet Morad Vest AS.

Vindauga i kyrkjerommet har stådd imot vind og vær i snart 40 år og begynner å bli slitne, kanskje særleg dei som står mot vest. To av dei det stod dårlegast til med vart no pensjonert og skifta ut med nye. Då måtte òg glasmaleria som heng på innsida av kvart vindauge takast ned. Dei fekk seg i mellomtida ein etterlengta vask etter nesten 20 år med støv og sot frå innsida av kyrkjerommet.


Vi kan glass: Anette Muldal, Even-Martinus Muldal og Erlend Hessen frå Morad Vest AS.

Fagfolka måtte ha nervar av stål, fast grep og feilfri koordinasjon når glasmaleria blei manuelt løfta opp på stillaset og på plass på innsida av vindauget. Artikkelforfattaren tok seg av hjartet i halsen. Det blei også satt inn forsterking i blyglasa for at glasmaleria ikkje skulle sige nedover slik nokre av dei har gjort. No er håpet at kyrkja har pengar til å vedlikehalde resten før det er for seint.


Kveitekorn-biletet snart på plass.

To av dei som var med på jobben i kyrkja var også med å lage glassmaleria, den gongen jobba dei i Græsdal Glass. Anette kallar biletet av Guds Lam på framveggen i kyrkja for sitt bilete. Even-Martinus har jobba mellom anna mykje med Jesu dom på påskeveggen og har kjøpt to av Håkon Bleken sine skisserog hengt dei opp på den nye verkstaden.

Fleire av bileta var det ulike personer som jobba med. Even-Martinus nemner desse som også jobba i Græsdal Glass på den tida: Johs. Isaksen, Arlin Rochlenge, Tommy Ulveraker, Svein Giskegjerde og Per Christian Breiset.

 

Meir om glasmaleria:
Sunnmørsposten (jan. 25): https://www.smp.no/kultur/i/jQMJyq/et-verk-som-aldri-blekner
Om besøk fra og til Trondheim kunstmuseum (nov. 25): https://spjelkavik.menighet.no/Vis/ArticleId/39931/Besok-i-kirkerommet-et-mote-med-kunst-og-kirke

Tilbake