Salmekveld med Eyvind Skeie


Salmekveld med Eyvind Skeie


Torsdag 23. oktober kl. 19.30 inviterer Spjelkavik kyrkjekor til salmekveld med salmediktar Eyvind Skeie. Kvelden byr på sterke tekstar, vakker musikk og fellesskap på tvers av generasjonar og kyrkjekor – med kveldsmat i kyrkjekjellaren etter konserten.

Velkomen til ei stemningsfull salmekveld der Eyvind Skeie sjølv deler eigne tekstar og salmar – blant anna utdrag frå Sommerlandet og Visst skal våren komme. Tekstar som ber om håp, trøyst og fellesskap i forkant av Allehelgenssøndag.

Medverkande denne kvelden er Spjelkavik kyrkjekor, Borgund kyrkjekor, Spjelkavik barne- og ungdomskantori, solistar og musikarar. 

Arrangementet er i samarbeid med Torsdagskveld i kyrkja.
Etter konserten er alle velkomne til kveldsmat i kyrkjekjellaren – eit uformelt fellesskap rundt bordet.

Tilbake