Søndagsbrev på 4. søndag i treeinigtida, 28. juni


Søndagsbrev på 4. søndag i treeinigtida, 28. juni


Korint var ein viktig by på Paulus si tid. Det var ein laussluppen by, prega av mykje sjøfolk og dimitterte soldatar. 

Skrive av Anders Barstad, kapellan

Korint, på Paulus si tid, levde av at varene den gongen blei frakta over land på den smale landtunga mellom Adriaterhavet i vest og Egearhavet i aust. Byen lå inne på land, med hamnebyar ved kysten på begge sider. I dag er byen Korint hamnebyen mot vest på landtunga, og Korint-kanalen står for trafikken. I alle fall den delen som ikkje går rundt halvøya Pelopònnesos på mykje større skip enn dei hadde på Nytestamentleg tid.

Bakgrunnen for tekstbildet som Paulus brukar, er at annakvart år så arrangerte Korint dei Isthmiske leikane, som var ein av dei fire pan-hellenske leikane. Desse inkluderte også dei olympiske leikane i Olympia. Seierskransen i Korint var av pinje eller sørka selleri. I Olympia fekk ein en olivenkrans. Den kjente laurbærkransen måtte ein vinne i Delfia for å få. Dei siste av dei viktigaste leikane var dei Nemeiske, i Nemea.

Leikane var ei stor hending. Fleire titusen menneske kom for å sjå. Dei budde gjerne i telt, og det kan forklare, heilt eller delvis, at teltmakaren Paulus valde å opphalde seg her innimellom.

Det var like vanskeleg å vinne desse leikane som det er å vinne dei olympiske leikane no.  Dei hadde ein stor dyrkingskultur rundt dei flinkaste idrettsfolka.

Mellom anna er det funne monument over særskilt vellykka idrettsfolk, med inskripsjonar over dei forskjellige prisane dei hadde vunne.

I Korint blei leikane arrangert til ære for Poseidon, ein kjent gud i vårt område, sjølv om vi brukar han helst i selskaps- og båtnavn, og som allmenn referanse til sjøen, og ikkje med særleg gudestatus.

De andre gudane som blei æra var Zevs (både i Olympia og Nemea) og Apollon (i Delfi).

Tilbake