Søndagsbrevet er skrevet av prestevikar Christian Kringstad Kielland
På sundag skal eg halde preike om falske profetar. Tekstane for 5. sundag i treeiningstida tvingar meg nærast til å kommentera mi eiga rolle. Eg, og mange med meg rundt om i landet, sit no og freistar skriva noko innsiktsfullt om desse tekstane. Vi er ikkje profetar, men vi er vorte gjevne oppgåva å forkynne evangeliet reint og klårt.
Reint og klårt. Lista ligg høgt. Dei fleste av oss kunne nok med fordel forkynt endå reinare og klårare. Men heldigvis er det ikkje biletet av predikanten som en rein og klår kjelde vi held oss med – der kyrkjelydane rundt om er tomme vatnglas som skal fyllast. Predikantar er menneske. Vi er grumsete.
Det finst ei rein og klår kjelde og det er Guds ande. Vi predikantar bidreg riktignok med å formidle ordet, men vi kjem ikkje utanom at vi òg legg til vårt eige grums. Det er soleis grumsete vatn de får servert her – Livets vatn, med menneskeleg grums og uklårleiker. Men for å halde fram med metaforen med vatnglaset, så kan vi kanskje seie at det allereie er halvfullt med vårt eige grumsete vatn og så fyller vi opp med meir grumsete vatn frå andre stader (mellom anna frå predikantar). Så sit vi der med eit glas vatn som er meir eller mindre fullt – av vatn som er meir eller mindre grumsete. Men om det vatnglaset får stå ein stund i ro, kjem grumset til å falle til botnen og vatnet blir klårt. Og om vatnglaset er vårt eige sinn, kan vi tenkje at klårleik kjem til eit stille sinn. Anden får rom til å gjere seg gjeldande når vi gjer sinnet vårt stilt gjennom bøn eller kontemplasjon. Det er slik vi kan prøve åndene. Når vi gjer sinnet stilt kan vi kan hende høyre Guds røyst.
Men problemet er jo at det er mange andre røyster som talar til oss, både indre og ytre. Korleis skiljar vi Guds røyst i oss frå dei andre røystene som freister å overtyde oss om det eine eller det andre?
Problemet med å prøve åndene er ofte at vi har vår eiga oppfatning av kva vi ynskjer skal væra sant. Om nokon stryk oss med hårene er det lett å verte begeistra, men om nokon seier noko vi ikkje er einige i er det lett å avvisa dei. Å lytta til Guds stemme i oss krev at vi ser vekk frå kva vi sjølv ynskjer skal vere sant, det inneber å lytta med eit ope sinn og taka imot kva enn vi vert gjevne. Det inneber å godta moglegheita for å lata seg skaka – for at sanninga kan vere noko som gjer om på heile røynda vår. Om vi verkeleg er opne for sanninga står vi i fare for at liva våre, slik vi kjenner dei, kan rase saman. Derfor er det lettare å lytta til dei som seier at alt er bra som det er og ingenting treng å endrast.
Tør vi å tru på at det kan vere godt at livet vert annleis? Tør vi tru at sanninga kan setje oss fri?