Søndagsbrev på aposteldagen, 12. juli


Søndagsbrev på aposteldagen, 12. juli


Pave Frans skal ha sagt: Jesus var òg populær ei stund – og sjå korleis dét gjekk.

Det å balansere popularitet med avstand må ha vært eit kunststykke for Jesus, dei første kristne, og oss.

Avstand kan vere vanskeleg. Det har vi lært oss i korona-tida. Dei vil gjerne skulle ha vore nær, kan vi kanskje ikkje vere nær, men det er nok av dei som vi synest kjem alt for nær, for eksempel på butikken eller andre stader der er mykje folk på liten plass.

I preika for søndagen, snakkar eg om disiplane som var mellom barken og veden. De skjøna slett ikkje alt Jesus hadde fore seg, men dei var likevel lojal mot han, og gjorde ting som folket rundt ikkje forstod.

Eg tenker at vi er omtrent der. Vi er ein del av kyrkja. Vi er ein del av Guds arbeidsstyrke på jorda, men det er langt frå alt vi skjønar.

I teksten for denne søndagen, seier Jesus «Legg ut på djupet og set garna, så de kan få fisk.» Problemet var jo, sjølvsagt, at dei hadde fiska heile natta, utan å få noko. Som kjent, det endra seg.

De hadde tillit – apostlane.

Abram – eller Abraham – var 75 år når han forlét landet sitt, familien sin, eigedomen sin, og drog til det landet som Herren skulle vise han. Det er tillit!

Klarer vi å ha sånn tillit? Klarer vi å følge det som vi ikkje skjøner korfor er rett – utan å stille for mange spørsmål? Klarer vi å være menneskefiskarar på ein måte som vi ikkje skjøner korfor verkar, men som vi ser verkar?

Kanskje vert vi ikkje alltid populære med ein gong, kanskje er det nokon som ser litt rart på oss.

Vi skal ikkje ta Gud til inntekt for våre eigne kjepphestar. Det er viktig. Likevel skal vi hugse to viktige ting når vi jobbar i hans rike:

  • Den Heilage Ande er med oss, og rettleiar oss. Viss vi legg oss sjølve og våre eigne behov til sides, kan vi tro på at det vi gjer er rett.
  • Gud elskar oss – og dei vi fiskar etter. Han vil ikkje nokon av oss vondt.
Tilbake