Kan vi skoda Gud?
Søndagsbrev for 19. juli 2020
Christian Kringstad Kielland, prestevikar
Hagar spør seg sjølv om ho verkeleg har sett Gud der ho står. Ho har røynt at han har sett henne – akkurat korleis ho veit det, veit ikkje vi. I alle høve gruvlar ho på om ho kan ha sett han òg.
Eg kikka på 1978-omsetjinga i arbeidet med denne teksten og eg trur eg likar den betre enn 2011-versjonen. I 1978 seier Hagar «Kan det vera råd at eg her har sett skimten av han som ser meg?» Ho trur altså ikkje at ho har sett Gud slik han faktisk er, eller at ho har fått eit klårt blikk på han. Ho undrar på om ho i beste høve kan ha sett ein skimt.
Dette stemmer betre med den hebraiske teksten som nyttar ordet ‘achrei’. Dette ordet nyttast tidt i første mosebok om noko som hender ‘sidan’. Hagars ord, «ra’iti achrei», kan omsetjast direkte med «eg har sett etter» eller «eg har sett sidan», men dette vert merkeleg på norsk. Om vi skal freista tolka dette målet som ligg så langt frå vårt eige, kan ein kanskje seia at Hagar ser Gud som eit bilete som heng att på netthinna etter at det som laga biletet er forsvunne. Ho såg aldri det som laga biletet, men nærværet har jamvel sett eit avtrykk på henne.
Eg tykkjer 2011-omsetjinga går for langt mot å antyda at Hagar har fått eit godt blikk på Gud – at ho verkeleg har sett grundig på han – men ho kan berre ikkje tru det. 1978-versjonen, med sin bruk av ordet ‘skimten’, held seg nærare til originalteksten (i nett dette høvet). Hagar trur ikkje ho har sett Gud slik han er, men ho veit at nokon har vært hjå henne i hennar naud. Ho kjenner at ho har vorte sett – at ein som vil henne vel har «lyfte sitt åsyn» på henne og velsigna henne. Men dette inntrykket er ikkje meir enn eit atterskin – som raudna av sola på himmelen etter at ho har gått ned i havet.
Vår Gud er ein som ikkje kan femnast av menneskeleg tanke og intellekt. For å kunne kjenna noko fullt ut må det ein kjenner vere lite og avgrensa nok til at vi kan strekkja hugen vår rundt det – femna det med hugen. Men Gud er større enn oss, han har skapt alt vi veit om og alt er til i han. Derfor kan Gud sjå oss og femna oss, mens vi ikkje kan fatta fullnaden i Guds skaparverk og aller minst fatta Gud sjølv.
Men om vi aldri kan kjenna Gud fullt ut, er det mogleg å sjå einskilde sider av han. Jesus fortalde disiplane sine at når dei såg han, såg dei også Far hans. Og sjølve er vi skapte i hans bilete, kvar og ein av oss.
Om vi ikkje kan skoda Guds andlet direkte, kan vi kanskje få ein skimt av biletet hans om vi ser på oss sjølve. Når vi treffer andre menneske kan vi òg få ein skimt av Gud i deira andlet. Så lat oss fara fram mot alle menneske som var det Gud vi såg, både i vår neste og i oss sjølve.