Hatlehol-konfirmant


Det har komme i gang eit nytt konfirmanttilbod etter at informasjonen vart sendt ut, spesielt retta mot konfirmantane som bur på Blindheim, Flisnes og Emblem.

Opplegget består av fellesopplegget for alle konfirmantane, undervisning på nettkonfirmant.no og oppgåver knytt til gudstenestearbeidet vårt på Ålesund folkehøgskole.

Som Hatlehol-konfirmant kan ein velje mellom disse oppgåvene:

  • Planlegging av gudsteneste
  • Rigging til gudsteneste
  • Styring av lyd og/eller PowerPoint
  • Spille i band
  • Være forsongar
  • Servere mat
  • Hjelpeleder søndagsskole
  • Hjelpeleder hallaktiviteter

Konfirmantane skal være til stades både før og etter gudstenestene, så ein må sette av tid til det. Timane før og etter gudstenesta skal i løpet av konfirmasjonstida komme opp i minst 15 timar. Planlagde søndagar til hausten: (30. aug.), 16. sept., 14. okt. og 11. nov.

Dei som vil søke om plass på dette opplegget kan gjere det ved å sende en e-post til kateket Jon Ivar Tønnesen.

Denne informasjonen er også sendt på e-post til dei som er påmeldt.

Tilbake