Påmelding til gudstenester


Det er for tida lov med maksimalt 50 deltakarar per gudsteneste. Derfor har vi påmelding på gudstenestene våre.

Vi har for tida gudstenester med maksimalt 50 deltakarar (pluss medverkande).

Morgonmessene er avlyst inntil vidare.

Formiddagsgudsteneste og keltisk kveldsbøn har IKKJE påmelding (smittevernregistrering i døra). 

Ved påmelding registrerast namn og telefonnummer til ein kontaktperson per husstand eller kohort. Opplysningane skal brukast til smittesporing dersom nokon blir sjuke. Opplysningane kan også bli brukt til å sjekke at dei frammøtte på gudstenestene er påmeldt. Opplysningane blir sletta 14 dagar etter gudstenesta.

Påmeldingsskjemaet vil vise kor mange plassar det er ledig på kvar gudsteneste. Dersom ei gudsteneste ikkje visast i skjemaet så er den anten full eller ikkje open for påmelding. 

Ein må fylle ut skjemaet ein gong for kvar husstand som melder seg på til ei gudsteneste. Namn og kontaktinformasjon til den som melder på blir registrert saman med antalet personar denne kontaktpersonen har med seg. Påmeldingsskjemaet finn ein her

Påmeldingsfrist er 1 time før gudstenesta. Seinare enn det må ein møte opp for å høre om det finst ledige plassar.

Det er også mogleg å melde seg på ved å ringe oss på nummer 70 16 53 78 (kvardagar 9-15). Vi vil då fylle ut skjemaet for deg med namn, telefonnummer og kva for gudsteneste du melder deg på.

Eventuell avmelding sendes til jon.ivar.tonnesen@kirken-aalesund.no før fredag kl. 15:00 (etter det kan ein sende SMS til prest eller kyrkjetenar) slik at andre kan få den plassen som blir ledig.

Smittevernet ved gudstenester og kyrkjelege handlingar:

  • Sjuke personar skal ikkje delta eller være til stede. Dersom du er i karantene eller har symptom på luftvegsinfeksjon så må du halde deg heime.
  • Gode rutinar for handhygiene og reinhald. Du finn handsprit ved inngangen, bruk den.
  • God avstand og minst mogleg kontakt mellom personar. Stolradene i kyrkja er satt opp med minst 1 meters avstand. Ha minst 2 tomme stolar mellom deltakarar som ikkje bur saman. Ingen handhelsing/klemming.
  • Minst mulig felles bruk og berøring av inventar og utstyr. 
  • Avgrense talet på sosiale kontaktar. 

Tilbake