Soknemøte om revisjon av gudstenesteordninga


Velkommen til årsmøte og soknemøte søndag 18. april kl 12.15. På søndag kan vi samlast i kyrkja både til gudsteneste og til årsmøte. Hovedsak etter ordinære årsmøtesaker, er revisjon av gudstenesteordninga.  Her er soknerådet si innstilling og alle i soknet er invitert til å uttale seg.

Påmelding til gudstenesta 18. april her!

Den 18. april vert det først gudsteneste kl 11.00. Det er påmelding til gudstenesta som tidlegare. Etter gudstenesta startar årsmøtet med ordinære årsmøtesaker. Ein vil gjennomføre denne delen litt raskt, deretter vil saken om justering av gudstenesteorninga bli handsama. Det er soknerådet som vil ta endeleg avgjerd om gudstenesteordninga, men innspela frå soknemøtet vil bli tatt med i vurderingane.

Gudstenesteordninga vil i all hovudsak vere den same som vi er kjent med, men vi har fått nokre nye val for enkelte ledd. Det er og høve til å velje nye musikalske alternativ for dei ledda som syngast av liturg eller kyrkjelyd.

Vi oppmodar alle til å lese soknerådet si innstilling og gjerne ta ein kikk på gudstenesteordninga.

Her finn du den nye gudstenesteordninga

Her finn du soknerådet sin innstilling til soknemøtet 18. april.

For at alle skal kunne gjere seg kjend med dei nye melodiane på førehand, er det gjort ei innspeling der kjent og nye melodiar blir presentert i nokre videoar og kvart ledd blir sunge. For å kome til presentasjonen, Trykk her og bla litt ned på sida, så kjem du til lenkene med melodiane.

Justert gudstenesteordning skal innførast Første Pinsedag, den 23. mai 2021.

Tilbake