Konfirmasjonstida er ei opplæring i den kristne trua ein vart døypt til. For å bli konfirmert må ein vere døypt. Den som ikkje er døypt kan også vera med på opplegget i konfirmasjonstida, men ein må finne ut undervegs om ein vil bli døypt og konfirmert.
Les informasjonsbrevet her (PDF):
Få oppdateringer via facebooksida: https://www.facebook.com/Spjelkavikkonf.2019/
Registreringa er open!
Alle som registrerer seg som konfirmant før/på innskrivingsdagane blir behandla likt med tanke på gruppeinndeling. Etter 14. juni blir det venteliste på dei opplegga som har mange interesserte. Bruk lenka nedanfor til å registrere konfirmant og føresette.
På grunn av mange søkere på LEIR er det valget no tatt ut av påmeldinga. Ein må velgje andre ting som første- og andrevalg.
Konfirmantregistrering Spjelkavik kyrkjelyd 2018-2019
Konfirmasjonsdatoane for 2019 fordeler seg slik:
Lørdag 25. mai 2019: Åse, Lerstad Søndag 26. mai 2019: Spjelkavik Lørdag 1. juni 2019: Flisnes, Emblem Søndag 2. juni 2019: Blindheim
Ønske om bytte av dag vert tatt i mot ved innskriving. Ønske om tidspunkt vert tatt i mot i løpet av konfirmasjonstida.
Konfirmasjonsdatoane for 2020 fordeler seg slik:
Lørdag 23. mai 2020: Blindheim Søndag 24. mai 2020: Flisnes, Emblem Lørdag 6. juni 2020: Spjelkavik Søndag 7. juni 2020: Åse, Lerstad
Konfirmasjonsdatoane for 2021:
Blir fastsatt og offentliggjort i mai 2019. Dei siste åra har vi pleid å legge konfirmasjonane på siste helga i mai og første helga i juni, med justeringar for å unngå pinsehelga. Dagane varierer mellom barneskulekretsane etter mønsteret ein ser ovanfor (samme oppsett annakvart år ). For å ha fleksibilitet i planleggingen av konfirmantarbeidet ønsker vi ikkje å fastsette datoane for meir enn 2 år fram i tid.
<!--cke_bookmark_141S--><!--cke_bookmark_141E-->